Riksteatret; Are Kalvø toppar VG-lista
ARE KALVØ TOPPAR VG-LISTA
Om popmusikken og meininga med livet
Kan det hende at svara på alle dei store spørsmåla om livet
ikkje er å finne i litteraturen, filosofien eller religionen? Kan det hende dei
er å finne hos Britney Spears og Freddy Kalas?
Kan det hende at svara er å finne i dei skikkeleg populære
songane som omgir oss gjennom heile livet? Are Kalvø trur det. Med utgangspunkt
i eit knippe songar som har toppa VG-lista dei siste femti åra, prøver Kalvø i
denne framsyninga å forstå vår tid og finne meininga med livet. Såpass må det
vere. Toppar VG-lista handlar om liv, død, politikk, religion, kjærleik,
vennskap, kriser og menn i altfor små shortsar. Og song og dans.
På scenen
Are Kalvø
Team
Scenograf: Unni Walstad og Produsent: Rebecca Mathisen
Forestillingslengde: 1 time 30 minutter (ingen pause).
Produsert av Det
Norske Teatret i samarbeid med Are Kalvø. På turné med Riksteatret.
Dato_ukonvertert: 2021-11-07T18:00:00+01:00
Dato Full: 7. November 2021 18:00
Dato Kun: 7. November 2021
Klokka: 18:00
Pris fra: 170